Trygg trening for ungdom

Gjennom kurset "Treningslappen" ynskjer vi å gje ungdom eit godt grunnlag for trygge og positive treningsopplevingar. Ved å delta på kurset som gjennomførast med 4 samlingar over 2 veker, sikrar vi at ungdomane får den nødvendige kompetansen til å trene aleine utan foresatt i avsatt tid til ungdomstrening.

Treningslappen er eit eksklusivt tilbod for ungdom mellom 13-15 år som innebærer opplæring med vår personlege trenar i små, oversiktlege grupper. I løpet av desse 4 samlingane vil ungdomen tilegne seg kompetanse som gir eit godt grunnlag for å kunne trene på egenhånd i ulike avdelingar på senteret og innan gruppetrening. Kurset vil gje innføring i korleis ein trenar på ein trygg og god måte med fokus på meistring og individuelle tilpassingar, samt auka forståing om alle dei gode helseeffektane fysisk aktivitet har. 

Målsetting

  • Å gje ungdomane opplæring og kunnskap om grunnleggande treningslære, teknikkar, bruk av apparat og gruppetimar slik at dei kan nyttiggjere seg av treningstilbodet på ein trygg og god måte
  • Å formidle kunnskap til ungdomane kring sunne haldningar til kropp, kosthald og trening

  • Ungdomane skal lære seg reglar, skikk og etikk på senteret

  • Motivere ungdomane til ein fysisk aktiv kvardag gjennom fokus på helsegevinstar og meistring

Gjennomføring

Treningslappen består av til sammen 4 kurs på ca. 60 minutt og blir holdt av vår personlige trener Julie Varpe. Samlingane blir holdt tirsdagar og torsdagar frå kl.15/16.

Samling 1: Informasjon om kurset, kosthald og antidoping
Samling 2: Studiotrening - underkropp - teori og praksis
Samling 3: Studiotrening - overkropp - teori og praksis
Samling 4: Uthald - kondisjonsrommet og gjennomgang av tilpassa treningsprogram

 

Medlemskap og betingelser

13-14 årsmedlemskapet følger same reglane som ordinære medlemskap, men medlemmet må gjennomføre Treningslappen. Medlemmet kan trene på vårt senter mellom kl. 10:00-18:00 kvar dag uten foresatt. Ved trening utanfor nemnt tidspunkt må ungdomen ha med ein ansvarleg vaksen som også er medlem hos Spenst Gloppen. Foresatte må være til stede ved signering av medlemskap. Ein treng ikkje å vere medlem medan ein gjennomfører kurset. Inkludert i medlemskapet er ein PT-time ved innmelding som kan benyttes for å få treningsprogram eller rådgiving knytt til trening. Året ungdomen fyller 15 år endrast medlemskapet til eit 15-18 årsmedlemskap der dei kan trene på egenhånd i Spenst Gloppens ordinære opningstider.

Priser

Medlemskap 13-14 år: 415,- pr/mnd. Ingen bindingstid.
Medlemskap 15-18 år: 467,- pr/mnd. 12 mnd bindingstid.
Treningslappen: 1200,-

Komande kurs:

Torsdag 1.februar. Kvart kurs går over 2 veker med samling kvar tirsdag og torsdag kl.15/16

Påmelding: E-post til gloppen@spenst.no